MAGNE MYHRA
  • Heim
  • Bøker
    • Mistelteinen
    • Alltid noe å glede seg til
    • Tusen år for ein tanke
    • Sønn av en kvinne
    • I dropar av lys
    • I håpets vektskål
    • Med ope visir
    • Tusen år for ein tanke. Dikt i utval
    • Med ope visir. Dikt i samling
  • Andre tekstar
  • Artiklar og intervju
  • Kontakt

Artiklar og intervju

Denne oversikta viser nokre av dei viktigaste artiklane om eller intervjua med Magne Myhra. Artiklar med blå tittel kan lesast i fulltekst.

1978: Gjertrud Hegg Reime: - Å skriva er eit einsleg yrke (Dagen, 20.10.1978). Mest om det sjølvbiografiske i romanen Sønn av en kvinne, men òg om skriving, og om kjærleik til bøker.  

1980: Rolf Tepstad: Oppveksten som fattig i dei harde 30-åra har sett djupe spor! (Bergens Arbeiderblad, 3.5.1980). Grundig og godt intervju, om det å vera forfattar, om dei sjølvbiografiske elementa i Sønn av en kvinne, og om oppveksten i 30-åra.

1982: Jan H. Landro: - Harmen brenn alltid i blodet mitt (Bergens Tidende 25.10.1982). Nok eit grundig intervju, der det handlar litt om den ferske diktsamlinga I dropar av lys, men der dei òg snakkar om dei andre av bøkene til Myhra.

1990: Jarle Kallestad: Audmjuk, ny salmediktar (Vårt Land, 5.10.1990). Intervju i samband med at Myhra vart ein av fire vinnarar i ei salmetevling. Dei andre vinnarane var Åse-Marie Nesse og Arne Rodtveit Olsen (tekstar) og Harald Gullichsen (melodi). Myhra fekk pris for salmen "Ditt skaparverk, Herre".

1990: Arne Hofseth: Kulturpris til Magne Myhra (Bergens Tidende, 31.12.1990). Artikkel i samband med at Myhra fekk Voss kommune sin kulturpris for 1990.

1994: Marita Haugen: Audmjuk diktar om eit hjarta i kamp ... (Gula Tidend, Gula magasin november 1994). Fint intervju i samband med utgjevinga av Med ope visir.

2003: Intervju med Magne Myhra (Kort intervju for nettsidene til Bergen off. bibliotek, 9.10.2003)

2004: Aslak Helleve: Vemod, mi bringesylgje. Lyrikaren og salmediktaren Magne Myhra. (Jolekveld i kyrkjelyden, 2004)

2009: Rolf Tepstad: Harmen brenn alltid i blodet (Hordaland 14.2.2009). Portrettintervju i samband med at det var femti år sidan Myhra debuterte som forfattar.

2012: Jarle Kallestad: Eventyr skrive av usynleg hand (Vårt land, 12.9.2012)

Powered by Create your own unique website with customizable templates.