Rolf Tepstad: Harmen brenn alltid i blodet
50 år har gått sidan hans første roman, Mistelteinen, kom på prent. Men diktaren Magne Myhra skriv framleis, kvar einaste dag, nett no om pilegrimsvandringar.
- Saman med Signe Seim er eg hyrt inn til eit oppdrag for Vossakyrkjemessa i mai, der temaet i år er pilegrimsferder. Myhra skriv både om vandringar i Noreg, og ferder til Jerusalem og Santiago de Compostela. - Noko av teksten vert framstilt i prosa, andre delar i diktform. Eg trur stoffet vert best tilgjengeleg slik, forklarar han.
Utrulege 50 år har gått sidan Magne Myhra debuterte, i 1959, med romanen om jødeguten David og hans tragiske livssoge. Når forfylginga av jødar startar i Noreg, i 1941, prøver David sin far å koma nazistane i forkjøpet. I total ubalanse prøver han å utsletta sin eigen familie med pistol. Begge foreldra døyr, men David overlever. Dessverre, synest han sjølv, mange gonger seinare i romanen. For barndom, ungdom og livet som ung mann er fylt av motgang og tunge tankar. Få oppturar, og stadige nedturar. Men framfor alt: Han mister evna til kjærleik. Trass i at han ber namnet David, som på hebraisk tyder den som er elska. Også jenta han har drøymt om heile livet vert til sist avvist, når ho byr han sin kjærleik. Heile romanen er forma som eit brev til henne, Torhild, der han prøver å forklara og forsvara handlingane sine. Mistelteinen er ikkje ein roman å bli glad av.
- Hadde du levande modellar for persongalleriet du skapte?
- Eg hugsar at jødeforfylgingane opptok meg sterkt. Men utover det er heile romanen fri dikting. Eg har heller inga jødisk tilknyting, men hadde som David i romanen ein svært dramatisk barndom...
Me møter Magne Myhra i fjerde etasje på Sosialbygget, eit husvære med utsikt både mot Vangsvatnet og lange leine lier. Dit flytta han i fjor sommar. Huset på Urdland er no blitt "hytta i Raundalen". Diktaren serverer fyrstekake og kaffi, og spør varsamt: - Håpar at kaffien ikkje vart for sterk?
Vel attende i sofaen tek Magne Myhra tak att i si eiga livssoge. - Far var alkoholikar. Eg har fire eldre sysken. men då eg kom til verda, som femtemann, var far min alt stukken av. Eg møtte han heller aldri, men eg hugsar korleis eg både kjende harme og sorg overfor det han hadde gjort gjennom heile barndomen. Han hadde svike mor og alle oss ungane.
Eller som han sjølv uttrykkjer det i eit dikt han meiner oppsummerer mykje av diktinga si: "Harmen brenn alltid i blodet mitt".
For mora vart livet etterpå eit samanhangande strev for å få endane til å møtast. Støtt oppteken med vasking og andre strøjobbar kringom på grannegardar i Raundalen. Alltid mykje slit og lite pengar. - Eg kan likevel ikkje hugsa at me svalt nokon gong. Og vilkåra var truleg endå verre for dei eldste syskena mine. Dei vart nøydde til å ta ansvar for oss som var minst, i tillegg. Sjølv er Magne Myhra heller ikkje i tvil: Den tøffe oppveksten har prega heile livet sidan. - Eg tenkte alt som smågut at eg skulle bli forfattar. Etter ein uvanleg barndom syntest eg å ha rikeleg med stoff til dikt og prosa.
Heile tida har Myhra vore ein talsmann for outsideren, den utstøytte, han som aldri kom med i det gode selskap. - For meg har drivkrafta heile vegen vore å gje einskildmennesket oppreising. Seia klart ifrå om urettferd eg ser ikring meg. Og eg skal vedgå at eg stundom har gjort det på måtar som har gjeve meg uvener.
- Men slit ein ikkje ut seg sjølv, når harmen støtt brenn så sterkt i blodet?
- Jau, det slit, det er sikkert. Og det skapar depresjonar. Frå eg fylte 5, har eg hatt mange tunge periodar. Og ofte vore heilt arbeidsufør. Men dette har betra seg i seinare år.
- Du har sjølv levd utan livsledsagar. Har det vore eit sakn?
- Det var aldri noko sakn i unge år. Eg var så oppteken heile tida, hadde ikkje tid til kjærast. Seinare vart det nok meir eit sakn, lyt nok vedgå det.
For nokre år sidan vart Magne Myhra også fysisk sjuk, og måtte gjennom ein prostata-operasjon. - Men no kjenner eg meg heilt frisk. Og sidan eg flytta på Vangen i fjor, bort frå einsemda i Raundalen, har livet vorte betre enn på svært, svært lenge.
Synet sviktar likevel noko. - Grøn stær, forklarar han. - Men ikkje verre enn at eg kan lesa "Hordaland" utan briller!
Magne Myhra vaks opp på Urdland, der han også gjekk heile folkeskulen. Eit skuleljos? - Eg var flink på skulen, men ikkje noko meir. For eg gjorde aldri lekser, vedgår han i dag, lurt smilande over kaffikoppen.
Etter folkeskulen vart det realskule på Vangen, før ferda gjekk ut i den store verda. Nærare bestemt Stord Lærarskule. - Og det var langt frå sjølvsagt at ein fattiggut frå Raundalen skulle få slik ein sjanse. Med god hjelp frå Statens Lånekasse klarte eg likevel å betala for dei fire åra på Stord.
Første lærarpost var Brekkhus skule i Teigdalen, deretter Midttun skule i Bergen. Før han ca 1960 vende tilbake til Voss og først Vangen skule, deretter folkehøgskulen ute på Seim. I mellomtida hadde han bygt seg hus på Urdland. - Eg grov ut tomta sjølv, ein sommareferie. Med hakke og spade, minnest han. - Lån i banken fekk eg ikkje. Måtte ha vigselsattest for å få det, vart eg fortald!
Han hyrte inn ein snikkar til det grøvste tømrararbeidet, men innreidde elles huset sjølv, med god hjelp av bror sin. Heimen på Urdland stod klar i 1958. - Eg bygde huset for mora mi, for at ho skulle få det godt på sine eldre dagar. Og då ho seinare vart hjartesjuk, bestemte eg meg for å ta meg av henne sjølv. Ho, som hadde gjort så mykje for meg. Så eg stelte og pleia henne like til ho døydde i 1971. I dag er også dei fire eldre syskena hans borte, alle saman.
Den som studerer Magne Myhra sine forfattarkarriere vil oppdaga eit stort sprang frå debuten i 1959, til oppfyøgjaren. Ikkje før i 1976 kom neste livsteikn, no i form av diktsamlinga Tusen år for ein tanke. Men så gjekk det radig. Same årstal kom barneboka Alltid noe å glede seg til, deretter den langt på veg sjølvbiografiske romanen Sønn av en kvinne i 1978.
- Kvifor dette lange opphaldet?
- Tidleg på 60-talet takka eg ja til å ha laurdagskåseri på NRK. Eg skulle då laga eit 15 minutt langt kåseri kvar 14. dag, og det var ikkje småtteri. Når eg så i tillegg fekk jobb på Voss Folkehøgskule i 1963, ein jobb som ofte vara frå tidleg morgon til seine kveld, då var der ikkje krefter att til meir.
I 1976 tok han permisjon frå folkehøgskulen for å skriva på heiltid, og i 1978 fekk han kunstnarstipend frå staten. Sidan har han vore forfattar på heiltid. Gjennom denne perioden har det vorte tre nye diktsamlingar, mellom anna. På 80-talet takka han på ny ja til å verta NRK-kåsør, denne gongen for programposten "Sånn er livet".
Klar tale er eit varemerke for Magne Myhra. Alle spørsmål frå "Hordaland" sin utsende får klare svar gjennom vår drygt to timar lange kaffiprat i sofakroken. Og han nøler sjeldan før han svarar.
- Opplevest det sårt når salmen din om Skaparverket no vert freista fjerna frå salmeboka?
- Nei, for meg er det inga stor sak. Og sjølv om det enno ikkje er avgjort, så trur eg vel helst det går slik. Men eg synest det er rart at salmen, som for ikkje så lenge sidan vann ei landsomfattande salmetevling, alt skal ut att or boka. Mange av tekstane som er ynskte inn, er då heller ikkje salmar, etter mitt syn, enn om dei er fine songar.
- Trur du sjølv på Gud og eit liv etter dette?
Her lyt sjølv diktaren ta seg ein liten tenkjepause. Men snart tindrar det att, i augo bak brilleglasa: - Eg trur på ein skapar. Og er viss på at her finst meir mellom himmel og jord enn det me kan registrera. Utover det vil eg seia som ein kollega har uttrykt det: Det får vera nok med eitt liv om gongen.
- Fryktar du døden?
- Nei, absolutt ikkje. I så måte er einaste otta at eg ikkje har fått ferdig alt det eg har lyst til å skriva før det er for seint.
Magne Myhra har i modne år kunna gle seg over at mange av tekstane er blitt tonesette, mellom anna av Arvid Aarsnes og Per Indrehus. På den årlege konserten for Frelsesarmeen på Voss er det elles fast prosedyre at Dagfinn Iversen avsluttar det heile med sin eigen melodi til diktet "Med ope visir", frå diktsamlinga med same namn som kom i 1994. I år var også diktaren sjølv på plass, og las det mektige diktet - før song-framføringa. - Ei sterk oppleving, slår han fast.
Lovande debutroman. Framifrå innlevingsevne. Råkande uttrykk. Dette var nokre av honnørorda "Hordaland" sin bokmeldar, Trygve Mykkeltvedt, tildelte Magne Myhra etter å ha lese Mistelteinen i 1959. - Han er oppteken av store spørsmål i kvardagen. Han har alltid noko viktig å målbera, er sambygding Johannes Gjerdåker sin attest, når me ber han oppsummera forfattarskapen i kortform. - Og så er han alltid nøyen på språket.
Kollega Signe Seim seier ho personleg er mest glad i dikta hans. Men at ho sjølv har opplevd kor levande engasjert ungar har vorte av barneboka Alltid noe å glede seg til. - Magne skriv så godt at ungane kjenner det inne i seg!
No i 2009 er Magne Myhra godt inne i sitt 79. år. Om han kjenner seg gammal? - Slett ikkje. Inne i hovudet er eg ikkje meir enn godt 30, kanskje opp mot 40, forsikrar han. Så seint som i 2004 uttala han då også til Nettbiblioteket at han enno berre kjente seg i byrjinga av forfattarskapen sin.
- Kva kan me venta oss framover?
- Eg har to uavslutta romanar i skuffene, men eg veit ikkje om dei nokon gong vert fullførde. Trur helst dei vert liggjande der dei er. No skal eg først avslutta oppdraget for Vossakyrkjemessa.
- Deretter vil eg i gang med oppfylgjaren til Sønn av en kvinne frå 1978, forteljinga om Åsmund, som i store trekk er ein sjølvbiografi. Den skal eg skriva med iver og glød, heilt uavhengig av om noko forlag vil gje boka ut, forsikrar han.
- Kva med David i Mistelteinen, får me høyra meir om han?
- Jau, eg har ofte undra på korleis det gjekk vidare med han. Så det er ikkje utenkjeleg at ein oppfylgjar dukkar opp der òg ...
"Vi gler oss til å få høyra meir frå denne unge vestlandsforfattaren" - avslutta Trygve Mykkeltvedt bokmeldinga si om Mistelteinen i "Hordaland" 11. november 1959.
Jaudå. Slik er det. Framleis.
(Henta frå "Hordaland", 14.2.2009. Brukt med løyve frå avisa.)