MAGNE MYHRA
  • Heim
  • Bøker
    • Mistelteinen
    • Alltid noe å glede seg til
    • Tusen år for ein tanke
    • Sønn av en kvinne
    • I dropar av lys
    • I håpets vektskål
    • Med ope visir
    • Tusen år for ein tanke. Dikt i utval
    • Med ope visir. Dikt i samling
  • Andre tekstar
  • Artiklar og intervju
  • Kontakt

Tusen år for ein tanke (1976)

Picture
Cappelen, 1976.

Dette er den første diktsamlinga til Myhra, og her er 55 dikt.

Tusen år for ein tanke
Tusen år for ein tanke
er som ei kvilestund
medan sola går ned
ein vårkveld
kornet er kome i jorda
og du vender andletet
mot tunet
og veit
du er venta heim
til kvelds


Kritikarane skreiv mellom anna:

Språket er malmfullt og rikt - han har herredømme over alle nyansene i det.
Kolbein Falkeid, Stavanger Aftenblad 9.10.1976

Lat det vera sagt med ein gong at det ikkje er nokon søkjande debutant vi møter, men eit gjennomreflektert menneske som kan si litteratur-, kunst- og kulturhistorie.
Eli Oftedal, VG 10.11.1976

Her er så mange dikt å gle seg over, og nesten ikkje eitt ein ville unnvera - det er faktisk ikkje til å tru. 
Knut Hauge i Valdres, 6.1.1977

En av de beste debuter jeg har sett.
Odd Abrahamsen i Morgenbladet

Powered by Create your own unique website with customizable templates.