I dropar av lys (1982)
Cappelen, 1982.
I denne samlinga er det 39 dikt. Boka kom i to opplag.
I dropar av lys
Når lyset slår mot jorda
sine sju akkordar
og kløyver nattestilla
mot mitt uroberg
som ritar skarpt
sin bard mot himmelranda
og kastar atterljod
frå siste nattergal
og fivreldvenger stemmer opp
ei blomsterfuge
mens dalen brusar brått
i reinstemt tungemål
står eg forutan røyst
med jordslått kappe
og rettar skjelvhendt fram
mi tome skål.
(Diktet hadde i 1982 tittelen "Ouverture")
Kritikarane sa mellom anna:
Med sin andre diktsamling, I dropar av lys, rykker Magne Myhra opp i mesterklassen blant våre samtidslyrikere.
Per Qvale, Stavanger Aftenblad, 9.11.1982
Gjennombrot ... Alt verkar så bevisst og gjennomarbeidd at ein kan ta fram konklusjonen: overtydande.
Leif Vatle, Bergens Tidende, 11.11.1982
Ei mangfeld, presis, original og sterk samling.
Jan Inge Sørbø, Dagen 8.12.1982
I dropar av lys er ei av dei mest gjennomarbeidde samlingar eg nokon gong har lese. Eg har ikkje funne eit einaste dårleg dikt.
Hermann Starheimsæter, Gula Tidend 8.2.1983