MAGNE MYHRA
  • Heim
  • Bøker
    • Mistelteinen
    • Alltid noe å glede seg til
    • Tusen år for ein tanke
    • Sønn av en kvinne
    • I dropar av lys
    • I håpets vektskål
    • Med ope visir
    • Tusen år for ein tanke. Dikt i utval
    • Med ope visir. Dikt i samling
  • Andre tekstar
  • Artiklar og intervju
  • Kontakt

I håpets vektskål (1987)

Picture
Cappelen, 1987.

I denne boka er der 37 dikt.

I håpets vektskål
Eg kjenner ei kraft
strøyma gjennom meg
sterkare enn før
som motstand
no
då eg ser
og veit.

Og likevel
likevel
legg eg
mitt vesle lodd
i håpets vektskål
under tvil.



Midt under lesinga skjer dette merkelege: intensiteten i opplevinga, det kresne ordvalet, den såre undertonen eller den dirrande harmen slår gjennom ei kjend form, og den gamle forma får nytt liv.
Jan Inge Sørbø, Stavanger Aftenblad 14.9.1987

Svært få innanfor den nynorske lyrikken i dag skriv så formsikre rimdikt som Magne Myhra, og her stiller han seg i ein tradisjon som går tilbake til Olav Nygard.
Oddmund Hagen, Adresseavisen 23.9.1987

Ære vere Myhra der han hevdar den nynorske ordskatten og bergar verdiar der tendensen elles altfor mykje går mot utvatning og oppløysing. Magne Myhra er utan tvil ein av våre fremste diktarar/skaldar i dag.
Ivar Orgland, Gula Tidend 26.11.1987

Powered by Create your own unique website with customizable templates.