Eventyr skrive av usynleg hand
Magne Myhra er fattigguten som vart ein høgt verdsett forfattar. Men høgdepunktet i livet hans var å byggje eit hus.
- Her oppe er eg som ein 20-åring, seier han og peikar mot hovudet. - Men det er verre med beina, legg han til.
For nokre år sidan måtte Magne Myhra forlate huset han hadde bygd med eigne hender og flytte inn ein i eit lettstelt husvere i ei åtte etasjar høg betongblokk på Vossevangen.
- Eg saknar bøkene mine. Oppe på Urdland står det bøker oppetter alle veggane, seier han.
Harme
Både i romanar og dikt vender Magne Myhra tilbake til den brennande harmen skapt av ein barndom i fattige, fornedrande kår.
- Ein vinter måtte syster mi og eg klare oss åleine medan mor vår var på arbeid på eit hotell. Ho kom ikkje heim alle helgene, heller. Me stod opp, fyrde i omnen, smurde niste, kom oss på skule og heimatt og gjorde lekser. Syster mi var ti, eg sju, minnest han.
Søskenflokken på fem vaks opp med einsleg mor.
- Ei slitets adelskvinne, seier Magne Myhra om mora.
Mirakel
I den sjølvbiografiske romanen Sønn av en kvinne er ho den store helten. Faren var alkoholikar, og Magne fekk aldri sett han i live.
- Familien vår tilhøyrde dei fattigaste av dei fattige. Det var inga lys framtid som venta meg, sjølv om eg allereie som femåring drøymde om å bli forfattar. Når eg ser tilbake, ser eg at livet mitt er som eit eventyr, skrive av ei usynleg hand. At ein fattiggut som meg skulle bli forfattar, få statens kunstnarløn, bli brukt som kåsør i NRK og få reise kringom i verda, stå på Akropolis og delta på William Shakespeare-seminar i England ... Nei, det er som eit einaste stort mirakel alt saman, seier Magne Myhra.
- Du er forresten den 21. journalisten som intervjuar meg, seier han med eit smil.
- Kva var draumen din som femåring?
- Det var å skrive ei bok. Men berre ei. Og den skulle handle om urettferda i verda, særleg når det gjaldt fattigdom og rikdom. Ein umogleg tanke, for vi var fattige som ei kyrkjerotte og hadde ikkje eingong papir til å skrive på. Men draumen var der og sleppte meg aldri, svarar han.
Før skulealder lærde han seg å lese ved å stave reklametekstar på butikkvindauget. Heime kasta han seg over dei to bøkene som fanst i huset: Salmebok og nytestamente.
- Det gjekk ikkje lenge før eg fann fram til salmen "Din rettferd er min bunad". Den tykte eg høvde for meg.
Etter konfirmasjonen laga det seg slik at ungguten fekk friplass på realskulen. Deretter bar det til lærarskulen på Stord. Vossingen arbeidde i skulen då han mot slutten av 50-talet byrja å arbeide på det som skulle bli debutromanen. Det skulle gå mange år før neste bok kom ut. I staden brukte han tida på å byggje eit hus.
- Mor mi hadde ofte sagt at vi eigde ikkje så mykje av jorda at vi kunne setje fotsolen på den. Eg hadde alltid drøymt om å få byggje eit hus der ho kunne få leve sine siste år og døy i sin eigen bustad. Utan lån var det ikkje lett, men eg klarde det. Eg held forresten på med ei større avhandling om den svenske forfattaren Pär Lagerkvist på den tida. Den la eg vekk. Eg tenkte at det er mange som kan skrive om Pär Lagerkvist. Det er berre ein som kan byggje hus til mor.
- Du bygde huset med eigne hender?
- Ja, og det var jo eit slit som eg kanskje merkar på kroppen no når eg er blitt gamal. Men i ettertid ser eg på husbygginga som det viktigaste eg har gjort i livet mitt. Huset vart meg til velsigning, og i det huset har eg seinare skrive mine bøker og dyrka mine blomar.
- Kven er den usynlege handa som har skrive eventyret om deg?
- Det må vere Guds hand. Mor var ei bønekvinne, og det var bønene og arbeidet hennar som held oss oppe. Det er eg overtydd om, seier Magne Myhra, som også har skrive ei rekke salmar.
Ein av dei står i Salmer 1997, og han har vunne ei stor salmetevling med salmen «Ditt skaperverk, Herre». Mange av tekstane er tonesette, og forfattaren stiller seg lett undrande til at skaparverksalmen hans ikkje blir med i den nye salmeboka.
- Kvifor skriv du salmar?
- Eg har alltid hatt ein religiøs trong i meg. Salmetonen har alltid fylgt meg. Som barn låg eg og song salmar til langt på kveld, seier han og ler.
- Eg kom i prat med ein kar som sa at han ikkje var religiøs. «Føler du ikkje noko når du er ute og ser mot stjernehimmelen ei klår natt?» «Nei,» svara han. Men det gjer eg, altså!
Gresk mytologi og bibelske bilete er to av dei viktigaste inspirasjonskjeldene hans. Av den jødiske forfattaren Elie Wiesel har Magne Myhra lært at det ikkje er hatet som er den vondaste fienden til kjærleiken. Det er likesæla.
Rette opp
- Wiesel skriv for å rette opp gamal urett slik at den ikkje hender meir. Det same gjer eg, seier forfattaren.
Magne Myhra fekk strålande kritikkar for mange av bøkene sine.
- Eg trur knapt nok eg har fått ei dårleg bokmelding, seier nynorskforfattaren, som i den sjølvbiografiske romanen frå 1979 skreiv på bokmål og dialekt.
- Dette likte ikkje nynorsk-avisa Dag og Tid. Dei håna språket, og det var som dei øydela noko av mors vakre minne. Det gjorde meg stor sorg. Men mor fekk oppreising i dei andre avisene, og det har hjelpt på sorga, seier han alvorleg.
Han skriv framleis, men trur ikkje det kjem fleire bøker frå handa hans. Nyleg vart alle dikt frå fire diktsamlingar samla i ei bok under tittelen Med ope visir. Ei eiga oversiktleg nettside har han også fått.
- Når eg ein dag skal fare herfrå, og om eg er klår til det, vil eg seie: Takk for at eg fekk bruke evnene mine. Takk for lånet, Meister!
(Trykt i Vårt Land, 21.9.2012. Brukt med løyve frå avisa.)