Knut Ødegård: Eit støvkorn i universet
Dette er ein engasjert og uvanleg formsikker poesi frå halvgløymd men god poet.
Magne Myhra (81) er ein av dei mange norske forfattarane som trass i god kvalitet er hamna i halvgløymska. Han har fått fine kritikkar alt frå debuten i 1959 med romanen Mistelteinen, om jødiske lagnader. Mest kjend er han nok for dei fire diktsamlingane som kom frå 1970- til 1990-talet, men til liks med fleire har han nok lide under ikkje å stå i dei rette motevindar til rett tid: Ein finn lite og ofte ingen ting av Magne Myhra i antologiane over moderne norsk lyrikk frå seinare år, i leksika er det òg lite å lesa.
"Trong til rettferd". Då er det endå større grunn til å gleda seg over at no er hans samla dikt tilgjengelege i ei ny utgåve. Ho har fått namn etter den siste samlinga som kom på ordinært forlag: Med ope visir (1994). I titteldiktet finn vi formulert ei grunnhaldning i det poetiske prosjektet hans: "Ubøyeleg trong til rettferd/ driv meg kvar eg er/ og blodet mitt brenn i harme/ av dagleg urettferd./ Eg kjenner mismodet tærer/ på mine sanningskrav./ Då tenkjer eg på dei døde/ og bøyer ikkje av."
Tradisjonen. Dette var jo ikkje nett moteformuleringar eller moteform på 1990-talet, ei heller i dag: Myhra er mest i slekt med nynorske poetar frå generasjonen før han, og då tenkjer eg særleg på Jan-Magnus Bruheim og Tor Jonsson, som har noko av det same etiske alvoret i poesien sin. Myhra er ingen modernist i grunnhaldning og trass i at mykje av poesien hans er såkalla "frie" vers, er dei formelle eksperimenta nesten fråverande hos han. Derimot har han dyrka fram ein uvanleg formsikker poesi.
Best i "bunden" form. Og no når eg les dei samla dikta, står det klårt for meg at det er i "bunden" form han er best. I tillegg til Bruheim og Jonsson bør ein annan nynorskdiktar nemnast i anegalleriet: Stormeisteren Olav Nygard. Denne slektskapen finn ein særleg i dei dikta der Myhra målar fram naturbilete som gjev eit atterskin av noko større bakom, ein endelaus himmel som møter eit sinn. Diktet "Poeten" er eit Nygard-portrett, bygt på sitat frå Nygards eigne dikt.
Aller best tykkjer eg han er i nokre av sonettane – t.d. dei elles ganske ulike "Eit ospelauv" og "Den same kjelde".
Bibelske motiv. Myhra byggjer ofte dikta på bibelske motiv, det er tydeleg at kristentru og kristen tradisjon er viktige element i både poesi og livshaldning. Fleire av dikta kan klassifiserast som salmar. Men også antikkens soger og mytedikting er med i det poetiske universet hans.
Det er engasjert poesi i fleire tydingar, dette: Det er harme over urett i samtid og nær fortid (som likevel fell saman med hans eigne livsrøynsler) ofte knytt til menneskefiendtlege ideologiar, og det eksistensielle engasjement for eit menneske som (sitert frå avslutningsfiktet "Mot ukjent mål") innser at "Som eit støvkorn i universet/ segler jorda vår", som ser at "Støvkornet lever",
men:
Sjå, dette er likevel
berre utkanten
av hans verk
som trædde himlar på himlar
på universets akse.
(Fyrste gong publisert i Vårt Land, 17.8.2011. Brukt med løyve frå avisa.)