Johannes Gjerdåker: Dikt i samling av Magne Myhra
Under hovudtittelen Med ope visir er Dikt i samling av Magne Myhra nyst utgjeven. I den er dei fire diktsamlingane Tusen år for ein tanke (1976), I dropar av lys (1982), I håpets vektskål (1987) og Med ope visir (1994) samla i eitt band. I tillegg er her fire salmar prenta, som ikkje har kome i bokform før.
Her er alle dikta sette opp utan nokor markering for dei fire opphavlege samlingane. Det synest med éin gong å vera rett, og eit godt val, for einskap og samanheng i denne diktinga kjem klårt fram på denne måten. Då Magne Myhra stod fram med dei fyrste dikta sine, var han ein mogen mann med gjennomarbeidt språk, og han hadde gjort sine eigne val i form som òg i emne og tema for dikta. Eg vil gjerne sitera eit dikt som er sermerkt for denne diktaren:
Etter stormen
Eg ser den skadde fura
fyller såra sine med kvåe
og angen minner meg om
balsam og kjøleg lindring
dei mange arr på stamma
vitnar om krefter
sterkare enn storm.
Konsentrasjonen er stor; her er ikkje sagt eitt overflødig ord, men skal tru om ikkje diktaren har tenkt at slik laut det verta for å få plass til alt som ikkje står der? Venleiken i det usagde attom orda skin i gjennom heile vegen frå dei fyrste verselinene til dei siste med vitnemål om krefter som stormen må gje tapt for.
Ein kan seia at "Etter stormen" styrkjer trua på at dei byggjande og vedlikehaldande krefter i tilværet er sterkare enn dei som herjar og riv ned.
Ikkje fåe dikt av Myhra har emne frå samtidig eller eldre tiders dikting. Som kjent frå Odyssevskvædet av Homer, var Telemachos son til Odyssevs og Penelope, og det tok mange år før enn Odyssevs kom heim til kona si og sonen i Ithaka etter krigen i Troja. – Ved sin identifikasjon med Telemachos har Magne Myhra lyft det ithaiske miljøet nærare oss og gjeve det nytt
liv:
Min ven, Telemachos
Min ven, Telemachos,
som du har eg leita i ti år
og ti til
etter opphavet mitt
for dei gav han å eta
den farlege lotus
så han gløymde dei heime
og sitt kjære Ithaka.
Eg forstår, Telemachos,
den gleda som greip deg
då du fann far din
etter alle uvisse år
og eg veit
du skjønar
kva sorg eg ber på
når eg leitar
framleis og Penelope
er død.
Den kjærleik diktaren har til mor si, og takksemda han ber til henne, kjem ugløymande fram i dikta "Åleine", "Kveldsbøn" og "Stjerna over Høgegga", like eins i det storfelte "Arv":
Arv
Du
som gav meg livet
og ein barndom
i fattige kår.
Du
som gav meg songen
og motet
frå eit hjarta
i fortviling.
Du
som gav meg tru
på det sanne
og usvikelege
sjølv sviken.
Du
som sa: Rettferd
er ikkje
men eit mål
å arbeida mot
Du
no borte
men nær
i min klårleik.
"Harmen brenn alltid i blodet mitt" er den talande tittelen på eit dikt i boka. Denne harmen kjem fram i fleire dikt, slik òg i "Rekviem over ein poet", som handlar om Osip Mandelstam. Mandelstam døydde i sovjetisk fangenskap i 1938.
Når ein no, med den nye boka, får møta heile den lyriske diktinga hans under eitt, vil ein oppdaga mange ting, millom anna at Magne Myhra er ein av dei gode norske sonettdiktarane. Frå ei rekkje framifrå sonettar vil eg gjerne nemna serskilt "Den same kjelde".
Til alle dei gåver Med ope visir. Dikt i samling ber med seg, høyrer òg humor. Her finn me, ute i boka eit sitat frå Michael Ende: "Humor er ikkje det same som visdom, men dei er nærskylde". God humor gjev glede, og gleda kan ikkje overdrivast, sa Spinoza. Magne Myhra har auka gleda i verda med mange av dikta.
(Henta frå Norsk Tidend 5/2010. Brukt med løyve frå avisa og frå forfattaren. Ein lengre versjon vart fyrst trykt i avisa Hordaland.)