Magne Myhra er ein norsk lyrikar og forfattar. Han er fødd på Voss 18. september 1930, og voks opp på Urdland i Raundalen, 14 kilometer aust for Vossevangen. Han studerte ved Stord lærarskule 1951-55, og har arbeidd som lærar ved fleire skular, både i Bergen og på Voss. Lengst arbeidde han ved Voss Folkehøgskule, som han var knytt til i åra 1963-76, dels som fast tilsett, dels som timelærar. Frå 1978 har han hatt kunstnarløn frå staten.
Myhra debuterte med romanen Mistelteinen i 1959. Boka handlar om jødeforfølgingane i Noreg. I 1978 kom den sjølvbiografiske Sønn av en kvinne. Mellom 1976 og 1994 gav han ut fire diktsamlingar, og han har òg gitt ut éi barnebok. Han har òg skrive kåseri og salmar, og hadde mellom anna éin salme i Salmer 1997. Han var laurdagskåsør i NRK frå 1959, og igjen i programmet "Sånn er livet" i 1980-åra. Han skreiv òg kåseri for avisa Horda Tidend, og har i alt skrive rundt 250 kåseri. I 1990 fekk han kulturprisen for Voss kommune.
Intensjonen med denne nettsida er å informera om forfattarskapen til Magne Myhra. I tillegg til å kort presentera dei ulike bøkene er her lista opp ei rekkje artiklar og intervju, slik at leitinga etter meir stoff skal verta lettare.